Tilrår å nattestenge Lærdalstunnelen

E16-Lardalstunnelen Drevdal (2).1000x 563Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen tilrår at Lærdalstunnelen på E16 blir stengd 12 timar i slengen når den skal oppgraderast. Det kom fram under eit møte mellom kommunane Lærdal og Aurland, Statens vegvesen og samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) torsdag 2. mars.

Vegvesenet legg ikkje skjul på at stenging, uansett omfang, vil få store følgje. Dei meiner likevel at stenging på nattetid avgrensar følgjene.

Arbeidet vil gå over fleire år.

Sjå innslaget på NRK Vestland her (innslag nr 2)

» Flere saker