Fellesprosjektet Arna-Stanghelle startar dialogen med marknaden

7ab 38281-144c -4d 6b -a 316-8b 57c 8416247Kart som viser den aktuelle strekninga (Illustrasjon: Statens vegvesen). 

NTB/Statens Vegvesen

Statens vegvesen og Bane NOR inviterer til marknadsdialog for fellesprosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle. Interesserte entreprenørar og rådgjevarar vert invitert til å gi sine innspel til foreslått konktraktstrategi i éin‐til‐éin samtalar med prosjektleiinga.

- I møta vil vi også opplyse om sentrale element ved prosjektet og plan for kva som kjem framover. Eg er opptatt av å involvere dei som er interesserte tidleg, og å løfte frem moglegheitene som finnast for å kome med idear rundt kontraktstrategien. Vi ønskjer jo at denne skal bli best mogleg, understrekar Erstad.

Prosjektet planleggar byggestart i 2024 og både føreseielegheit og jevnleg dialog med marknaden meiner Erstad blir sentralt framover.

Utlysing av hovudentreprise kjem i 2024/25

Prosjektet ser for seg at første hovudentreprise lysast ut i 2024/25. Prosjektet vil kunne kome med datoar for fleire entreprisar når det har motteke ein investeringsavgjerd.

Video som forklarer konktraktstrategien og entreprisane

Prosjektet har produsert video på norsk og engelsk som forklarar alle entreprisane langs strekningen.

- Dette er gjort for at alle skal få ein tydeleg og felles forståing av omfang, grensesnitt og kompleksitet i prosjektet. Alle har dermed også same informasjon i forkant av dialog med prosjektet, seier Erstad.

Møta vil pågå november/desember 2021.

Sjå meir:  Video, invitasjon og påmelding

Sjå også:  Kartforteljing av strekninga

» Flere saker