Foto: Ketil Bere, Statens vegvesen
Anleggsarbeida vil føregå fram til oktober 2026.
Dette melder Statens vegvesen i ei pressemelding fredag 13. desember.
- Vi skal på den tre kilometer lange strekninga etablera gul midtstripe og kvit kantstripe, slik vi tidlegare har gjort på Tvinno-Løno. Vi held dermed fram med å forbetra E16 gjennom Voss herad, til glede for alle trafikantar, seiar byggjeleiar Ketil Bere i Statens vegvesen.
Åsbrekkegjelet-Skromle bru er i dag smal og har dårleg sikt.
- Vi skal først breiddeutvida vegen slik at strekninga oppfyller krava til forsterka midt- og kantoppmerking, som vi skal i gang med her.
Før vi går i gang med å breiddeutvida, må vi sprengja i terrenget. Det første som skal sprengjast, er den mest krevjande fjellskjeringa på strekninga, Kvarmakløvet, legg Bere til.
Strekninga Åsbrekkegjelet-Skromle vert gjennomsnittleg trafikkert av 4127 køyretøy dagleg. Det er dette som heiter årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 17 prosent, eller 701, lange køyretøy (tungtrafikk).
Dokka Entreprenør AS er vald entreprenør på prosjektet, som har ein kontraktssum på 117 millionar pluss moms.
Første salve går i veke 51. I samband med sprenging vil vegen vera stengd klokka 12.15-13.15 måndag-torsdag dei tre neste månadane.
Det er ingen lokale omkøyringsalternativ medan vegen er stengd.
Trafikantane må og pårekna kortare stengingar, inntil 15 minutt, utanom stengingane. Det vil då vera lysregulering.
Anleggsarbeida innebér nedsatte fartsgrenser; til 70 km/t der det ikkje er aktivitet, og til 50 km/t der kor det er aktivitet.
- Ta omsyn til dei nedsette fartsgrensene. Dei er sette slik for å vareta tryggleiken også for dei som gjer vegarbeid. Overalt kor det er vegarbeid, må farten settast ned i tråd med regelverket, seier Bere.
Det vil etter kvart også verta sprengt ved Åsbrekkegjelet.