Illustrasjon av sjaktløysing for deponering av massar ved Langhelleneset. Illustrasjon: Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
I samsvar med reguleringsplan har Statsforvaltaren i Vestland behandla og godkjent Fellesprosjektet (FAS) sin søknad om sjødeponering av tunnelmassar.
Løyve gjeld for deponering av inntil ni millionar kubikk tunnelmassar fordelt på tre deponi i Sørfjorden. Det er planlagd eitt sjødeponi for kvar tunnelstrekning. Deponia vil liggje attmed land der fjorden er brådjup. Høgaste fyllingshøgd er 50 meter under fjordoverflata.
- Statsforvaltarens løyve er ei viktig milestolpe for prosjektet. Den nye løysinga for veg og bane mellom Arna og Stanghelle går i tunnel. No har vi ei godkjend løysing for deponering av massar og det eit viktig steg for prosjektet, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.
Med eit så stort masseoverskot er sjødeponi det einaste realistiske alternativet for større delar av tunnelmassane i Fellesprosjektet. Løysinga gjev betydeleg lågare kostnader og klimagassutslepp enn andre alternativ, og konsekvensutgreiinga viser at det ikkje vil vere vesentlege langsiktige miljøkonsekvensar. Svært viktig for prosjektet er det at sjødeponi sikrar effektiv tunneldrift i anleggsfasen. Omsyn til trafikktryggleik, trafikantar og lokalsamfunn gjer det tilnærma umogleg å frakte vekk alle massane via vegnettet. Transport over større avstandar er heller ikkje gunstig når det gjeld klimagassutslepp.
Prosjektet har arbeidd i fleire år med å undersøkje alternativ for handtering av massane og det er gjort grundige undersøkingar av påverknad på naturmiljø, plastforureining, støy og trafikk.
- Våre utgreiingar syner at deponi i sjø totalt sett er det beste alternativet. Vi jobbar kontinuerleg for å finne balanse mellom påverknad på miljø, kostnad og konsekvens for lokalmiljøa langs strekninga, fortel Sælensminde Erstad.
Sælensminde Erstad seier vidare at forslaget om sjødeponi må sjåast i samanheng med kva som vil vere alternativa. All annan deponering eller bruk av tunnelmassen på land eller i sjø har og miljøkonsekvensar.
- Sjødeponia som er godkjende har stort volumpotensial, og kan difor og erstatte to av dei regulerte landdeponia som har låg eller ingen nytte til etterbruk slik at ein kan unngå unødige inngrep og miljøkonsekvensar på land.
Potensialet for negative miljøverknader av sjødeponia gjeld i
all hovudsak i anleggsfasen. Mest kritisk er det å hindre spreiing
av finstoff (silt og leire) i fjorden.
Fellesprosjektet har jobba med optimalisering av deponiløysinga og
utvikla eit nytt, lukka system for å føre steinmassar og finstoff
ned til eit sikkert djup via sjakter i fjell. Gjennom tverrslag i
tunnelane vil massane bli transportert til lukka sjakter og
deponert direkte i Sørfjorden. Den nye løysinga vil spare
kostnadar, redusere risiko, og vere positiv for omgjevnadene.
Reguleringsplanen legg opp til at steinmassane skulle førast ned via lange stålrøyr frå midlertidige, flytande kaianlegg. Med sjaktløysinga er det ikkje lenger behov for dei planlagde kaianlegga. Det at handtering av stein skjer inne i fjellhallar er ei klar forbetring samanlikna med ei utandørs kailøysning der lastebilar tippar tunnelstein i stålrøyr.
Den nye sjaktløysinga krev reguleringsendring. I hovudsak gjeld det endringar i fjell med fjellhallar og endra trasear for tilkomst- og transporttunnelar. Det vil også vere behov for enkelte reguleringsendringar i dagsonene. Den største endringa vil vere at sjødeponi ved Romslo vert flytta til lokaliteten Naustvika noko lenger aust.
I samråd med kommunane Bergen, Vaksdal og Samnanger vil Statens vegvesen / Bane NOR varsle oppstart av reguleringsendring før sommaren 2023. Dette vert kunngjort med annonser og varsla med brev til dei grunneigarane som vert råka. Fellesprosjektet tek sikte på å legge fram eit planforslag til offentleg høyring hausten 2023. Arbeidet med planframlegget vil skje i tett dialog med kommunane som er planmyndigheit og som skal vedta planendringane.