Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har utvikla
felles løysing for rømming i veg- og jernbanetunnelane i
prosjektet. Illustrasjon: Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Kontraktssignering og byggestart for sjølve prosjektet med nye tunnelar for veg og bane, tverrslag og fjellhallar føreset vedtak i Stortinget om kostnadsramme og delvis bompengefinansiering. Regjeringa har signalisert at dei vil leggje fram proposisjon for handsaming i Stortinget til våren.
Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding
- Vi skal byggje landet og knyte Noreg saman på ein effektiv måte, som rustar oss for framtida. Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er det største norske samferdselsprosjektet i nyare tid. Vi gjer det vi kan for at prosjektet skal kome i gang så raskt som mogleg. Difor lyser Statens vegvesen og Bane NOR no ut denne rådgjevingsavtala. Dette er eit nytt, viktig steg for å få på plass ny veg og jernbane mellom aust og vest i landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Avtala er utforma som ei avropsbasert rammeavtale med varigheit på inntil 8 år, og er open for både nasjonale og internasjonale tilbydarar, med frist for å melde interesse 21. mars. Prosjektet reknar med å ha rådgjevar på plass årsskiftet 2025/2026. Rammeavtala dekkjer prosjektering, rådgjeving og bistand til oppfølging av veg og jernbane i byggetida, og inkluderer mellom anna
Denne rådgjevingsavtala er den største som nokon gong har vore lyst ut i Noreg. Statens vegvesen og Bane NOR har stor tru på at bransjen er klare for utfordringa som gjev dei moglegheita til å verte ein del av gigantprosjektet . Det er ikkje akkurat kvardagskost at to av landets største, og mest erfarne byggherreorganisasjonar, jaktar rådgjevar i same avtale.
- Det er rett og slett unikt! Vi søkjer ein rådgjevar som kan levere høg kvalitet gjennom modellbasert prosjektering, implementere ny teknologi, og bidra til berekraftige løysingar. Som landets største tunnelprosjekt har vi eit stort potensial til å påverke og drive bransjen framover, og det ansvaret skal vi ta, seier utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik.
Statens vegvesen og Bane NOR har store forventningar til marknaden og har full tillit til at rådgjevarbransjen er rusta til å levere tilbod til det som ikkje berre er ein eksepsjonelt stor kontrakt målt i kroner og øre, men og i varigheit og omfang.
- Vi forventar at rådgjevarane tek i bruk ny teknologi og bidreg til å utfordre og forbetre spesielt bransjen innan klima, miljø og berekraft. Med ein god rådgjevar på laget skal vi utvikle dei beste løysingane for prosjektet, og forhåpentlegvis sette ny standard for framtidas tunnelbygging, seier utbyggingsdirektør i Bane NOR Bettina Sandvin.