Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på veg inn til pressekonferanse på Arna stasjon 11. september 2024. Foto: Ingvild Eikeland/Bane NOR
Dette kan bane veg for utlysinga av den første anleggskontrakten, og prosjektstart for Norges største tunnelprosjekt blir i 2025. Regjeringa legger fram forslag til statsbudsjett i oktober, og budsjettet vert handsama i Stortinget i desember.
Fellesprosjektet planlegg å starte arbeida for både vegen og jernbana mellom Trengereid og Vaksdal, som er den delen strekninga som er mest utsett for ras. Det er kontrakt for berg- og skredsikring av anleggsområda som kan verte lyst ut først. Prosjektet reknar med at det går om lag seks månader å lysa ut denne kontrakten og få på plass entreprenør. Kontrakten er naudsynt for å sikre områda langs traseen der det skal gå føre seg anleggsarbeid.
Prosjektet er eit fellesskap mellom Bane NOR og Statens vegvesen der veg og bane vert bygt ut samtidig, frå Arna utanfor Bergen, til Stanghelle i Vaksdal kommune. På grunn av den vestlandske topografien med bratte fjell og djupe fjordar, skal traseen i all hovudsak verte lagt i tunnel.
Ny E16 vert bygt som firefelts veg frå Arna til Trengereid, og vidare mot Stanghelle som tofelts veg. Jernbana vert bygd som dobbeltspora tunnel mellom Arna stasjon til ny stasjon på Vaksdal, og vidare til ny stasjon på Stanghelle. Nesten 80 kilometer med tunnelar skal byggast i det som er landets største tunnelprosjekt gjennom tidene. Byggetida er forventa å vere om lag 12 til 14 år.
Les mer på www.statensvegvesen.no