Foto: Statens vegvesen
Kommunal - og Moderniseringsdepartementet (KMD) opplyser i eit
brev 9. november til Statens vegvesen om at
Samferdselsdepartementet har fastsett planprogrammet for prosjektet
E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle.
Forslag til planprogram og silingsrapport var på høyring og
offentleg ettersyn i perioden 27. april - 6. juli 2018. Det kom inn
68 høyringsuttale i høyringsperioden. Statens Vegvesen har vurdert
innspela, og meldt inn behov for mindre endringar i etterkant av
høyringsperioden. KMD sluttar seg til Vegvesenet sine vurderingar,
og ser ikkje behov for ytterlegare endringar i planprogrammet.
- No som departementet har fastsett planprogrammet, inneber det at forslag til reguleringsplan kan sendast til departementet for vidare behandling, seier Gunnar Søderholm, prosjektleiar i Statens Vegvesen.