Slik er ny veg planlagt i Arna (Illustrasjon Red Ant/Statens vegvesen)
Omlag 40 ein-til-ein samtalar med både entreprenørar og rådgivarar er gjennomført sidan prosjektet inviterte til marknadsdialog i november 2021. Bygging av veg og bane frå Arna til Stanghelle er attraktivt både nasjonalt og internasjonalt. No skal kontraktsstrategien gjerast ferdig.
- Vi er takksam til alle som no har gitt oss gode råd og delt si erfaring. Vi har opplevd godt forberedte selskap og positiv tilbakemelding på tidleg dialog med prosjektet om kontraktsstrategien, seier Erstad.
Intensjonen med marknadsdialogen er nettopp å komme tidleg på banen for å kunne skape attraktive kontraktar. Prosjektet har no fått viktige innspel til den overordna kontraktsstrategien til prosjektet, som vil ferdigstillast i løpet av våren.
- Vi meiner dette er ein vinn-vinn situasjon. Markanden får vere med å medverke både på størrelse, form og innhald i dei ulike kontraktane. Dette gjer prosjektet betre rusta til å utarbeide kontraktar som kan treffe den marknadsinteressa som no er vist, og som vi håper vil resultere i god konkurranse, understrekar Erstad.
Prosjektet lyser ut første rådgivingskontrakt i løpet av 2022. Ein håpar på ein investeringsavgjerd i 2023 og dei fyrste forberedande entreprisane skal etter planen lyses ut same år.
Dei fyrste store tunnelentreprisane lysast ut i 2024/25.
Marknaden vil bli invitert til nye rundar med dialog for kvar enkelt kontrakt når prosjektet har startar arbeidet med konkurransegrunnlaga.