Første kontrakt for førebuande arbeid er ute i marknaden

 

Helle -mot -stanghelleIllustrasjon av ny vegtunnel på Helle i retning vest. Dette er ein av stadene der det skal gå føre seg sikringsarbeid over området der ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal skal sprengast ut. Til høgre ser ein Lågaskartunnelen i retning Stanghelle på dagens E16. Illustrasjon: Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Prosjektet reknar med at entreprenør kan vere på plass allereie i april. Det betyr at førebuinga for tunnelane i gigantprosjektet kjem i gang i år.

I tråd med Statsbudsjettet har prosjektet kunngjort kontrakt for berg- og skredsikring av anleggsområda på Vaksdal, Stanghelle og Helle. Konkurransen vert gjennomført som ei open anbodskonkurranse med frist 10.02.25

Les heile saka på Statens vegvesen sine nettsider her

Sikring av anleggsområda

Arbeidet omfattar rensk og sikring av fjellskjeringar og andre tiltak for å sikre dei framtidige anleggsområda og redusere risikoen for skred under anleggsperioden. Det er berekna at arbeida vil ta om lag eitt år.

- Kontrakten er avgjerande for tryggleiken i dei framtidige anleggsområda der vi seinare skal i gang med sprenging for nye tunnelar til veg og bane, seier prosjektleiar i Fellesprosjektet Kari Bremnes.

Områda det skal utførast arbeid i ligg over framtidige tunnelar for veg og bane fire stader på Vaksdal, ein stad på Stangelle og eit område på Helle. Områda det skal verte arbeida i ligg tett på dagens E16, og det vil tidvis vere manuell dirigering og kortvarig stans i trafikken medan arbeida går føre seg. Prosjektleiar Bremnes seier dei vil planlegge arbeida med omsyn til store utfartshelgar, til dømes i samband med idrettsarrangement.

Avgjersle om investering kjem truleg til våren

Byggestart for sjølve prosjektet med nye tunnelar for veg og bane, tverrslag og fjellhallar føreset vedtak i Stortinget om kostnadsramme og delvis bompengefinansiering. Regjeringa har signalisert at dei vil leggje fram proposisjon for handsaming Stortinget til våren.

 

» Flere saker