Kart som viser den aktuelle strekninga (Illustrasjon: Statens vegvesen).
Statens vegvesen og Bane NOR inviterer til marknadsdialog for fellesprosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle. Interesserte entreprenørar og rådgjevarar vert invitert til å gi sine innspel til foreslått konktraktstrategi i éin‐til‐éin samtalar med prosjektleiinga.
- I møta vil vi også opplyse om sentrale element ved prosjektet og plan for kva som kjem framover. Eg er opptatt av å involvere dei som er interesserte tidleg, og å løfte frem moglegheitene som finnast for å kome med idear rundt kontraktstrategien. Vi ønskjer jo at denne skal bli best mogleg, understrekar Erstad.
Prosjektet planleggar byggestart i 2024 og både føreseielegheit og jevnleg dialog med marknaden meiner Erstad blir sentralt framover.
Prosjektet ser for seg at første hovudentreprise lysast ut i 2024/25. Prosjektet vil kunne kome med datoar for fleire entreprisar når det har motteke ein investeringsavgjerd.
Prosjektet har produsert video på norsk og engelsk som forklarar alle entreprisane langs strekningen.
- Dette er gjort for at alle skal få ein tydeleg og felles forståing av omfang, grensesnitt og kompleksitet i prosjektet. Alle har dermed også same informasjon i forkant av dialog med prosjektet, seier Erstad.
Møta vil pågå november/desember 2021.
Sjå meir: Video, invitasjon og påmelding
Sjå også: Kartforteljing av strekninga