Frå venstre: Jesper Asferg, divisjonsdirektør for transport og byutvikling COWI, Katrine S. Erstad, prosjektsjef Vegvesenet, Ruth Gunlaug Haug, prosjektsjef COWI, Kjartan Hove, prosjektdirektør Vest, Vegvesenet (Foto: Sunniva L. Seterås, Statens vegvesen).
Signeringa av kontrakten med COWI betyr
at arbeidet med å førebu byggestart held fram etter at prosjektet
fekk midlar for 2023 i Statsbudsjettet.
- Vi gleder oss til å samarbeide med COWI om førebuing til byggestart i 2024. Arbeidet dei skal utføre omfattar blant anna detaljprosjektering, utarbeiding av konkurransegrunnlag, utsleppssøknader, forundersøkingar og miljøplanar, fortel prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.
Tildelinga av rådgjevarkontrakta skjedde i september med påfølgjande konkretiseringsfase, men sjølve signeringa har latt vente på seg i påvente av Statsbudsjettet.
Konkurransen nyttar seg av innkjøpsordninga Best Value Procurement (BVP) som vektlegg både kompetanse og prestasjon i kjøp av tenester. Avtalen har ein verdi på rundt 40 millionar kroner.
- Det er en stor siger at regjeringspartia med SV prioriterte midlar til vidareutviklinga av eit så viktig prosjekt. Vi veit at lokalbefolkninga og reisande har ønska seg dette i lang tid for å kunne få ein sikker transport i kvardagen. Som rådgjevar skal vi, saman med Statens Vegvesen og Bane NOR, bidra med auka verdi i prosjektet og utfordre grunnlaget for å finne løysningane som gir så høg samfunnsøkonomisk verdi som mogleg, seier Jesper Asferg, divisjonsdirektør for transport og byutvikling i COWI.
- Vi er svært nøgde med å bli valt som leverandør gjennom ein prosess der prosjektteamet blei anerkjent for erfaring og anleggsteknisk kompetanse. Vi har fått god moglegheit til å utdjupe leveransane våre i ein konkretiseringsfase, og har blitt betre kjent med Bane NOR og Statens Vegvesen sine forventningar. Vi ser fram til utfordringane vi står overfor det kommande året, med ein stram framdriftsplan og ein spannande samfunnsoppgåve, seier Ruth Gunlaug Haug, prosjektsjef for tunnelar i COWI.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er eit skredsikringsprosjekt og Norges største tunnelprosjekt. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR og ei viktig brikke for å ruste E16 opp til den standareden Stamvegutvalget jobar mot.
Den anslegne kostnaden til fellesprosjektet er satt til 26,4 mrd. kr (2021-kr). For å førebu byggestart er det løyva 200 mill. kr. i 2023, og prosjektet ter sikte på byggestart i 2024 og har rundt 10 års byggetid.