Prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad ser frem til å starta arbeidet med å bygge trygg veg og bane mellom Noregs to største byar. Foto: Statens vegvesen
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er som kjend prioritert i forslaget til ny Nasjonal transportplan (2025-2036) og er her fullfinansiert og ligg inne med midlar i den første perioden.
Strekninga Arna-Stanghelle er svært utsett for ras, og den nye traseen vil gje tryggleik for dei reisande. Utbygginga vil og auke kapasiteten og redusere reisetida både på jernbana og på E16.
- Prioriteringa av Fellesprosjektet i NTP er stort for Vestlandet, og ikkje minst alle som dagleg ferdast på strekninga. Regjeringas forslag til NTP slår fast at Fellesprosjektet Arna-Stanghelle no skal realiserast, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.
Forslag til NTP blei lagt frem av regjeringa 22. mars og skal verte handsama i Stortinget i juni. Prosjektet venter no på at Samferdsledepartementet sender ei bestilling på ein stortingsproposisjon som skal leggast frem til vedtak i Stortinget. Vedtak av stortingsproposisjonen betyr at avgjersle om investering er formelt fatta.
Fellesprosjektet planlegg å starte arbeida for både vegen og jernbana mellom Trengereid og Vaksdal, som er den delen strekninga som er mest utsett for ras.
- Vi arbeider no med å gjere klar utlysinga av dei første kontraktane, slik at dei kan komme ut i marknaden så snart vi får avgjersle om investering i Stortinget, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.
Assisterande prosjektsjef i Fellesprosjektet Anne Laskemoen Herdlevær. Foto: Bane NOR
Prosjektet reknar med at det gå omlag seks til ni månader å lysa
ut dei første kontraktane og få på plass entreprenør.
- Dei første kontraktane som vert lyst ut i marknaden er kontrakt
for berg- og skredsikring av anleggsområda, og ein kontrakt for
driving av tre anleggstunnelar frå Sørfjorden til dei nye
hovudtunnelane for veg og bane, fortel assiserande prosjektsjef
Anne Laskemoen Herdlevær.
Prosjektet skal og lyse ut ei stor rammeavtale med éin leverandør for rådgjevingstenester til prosjektet. Denne kontrakten omfattar prosjektering og konkurransegrunnlag for hovudkontraktene i prosjektet.