Årsmøte i Stamvegutvalget

På årsmøtet i Stamvegutvalget på Filefjellstuene 1. april, var innspel til NTP 2018-2029 og status for E16 frå regionane viktige saker utanom vanlege årsmøtesaker.

I tillegg var Kjell Kvåle frå Statens vegvesen til stade og innleidde om NTP og aust-vest problematikken. Det vart dessutan bestemt å gjennomføre ei befaring langs heile E16 dagane 1. og 2. september.

Under konstitueringa vart Vidar Eltun attvald som leiar, medan Nils T. Bjørke kom inn som ny nestleiar.

Pressemelding

Arbeidsutvalet.jpg

Arbeidsutvalet: Frå venstre Arne Bang (sekretær), Per Berger (ordførar Hole),  Nils T. Bjørke (Hordaland fylkeskommune), Anne Elisabeth Thoresen (vara for Even Aleksander Hagen, Oppland fylkeskommune), Vidar Eltun (ordførar Vang), Eirik Haga (ordførar Vaksdal), Åshild Kjelsnes (Sogn og Fjordane fylkeskommune) og Jan Geir Solheim (ordførar Lærdal).

» Flere saker